– Hamas må stoppast

 VONDT Å SJÅ: – Det gjer vondt å sjå bileta av sivile som blir drept, seier generalsekretær Karl Johan Hallaråker.(FOTO: SAMBÅNDET/ARKIV) Generalsekretæren i ImF har stilt seg bak markeringa for Israel som vil finne stad i Oslo, torsdag denne veka. Grunna internt arrangement i Indremisjonsforbundet har han sjølv ikkje høve til å delta. – Men […]

  
VONDT Å SJÅ: – Det gjer vondt å sjå bileta av sivile som blir drept, seier generalsekretær Karl Johan Hallaråker.
(FOTO: SAMBÅNDET/ARKIV)

Generalsekretæren i ImF har stilt seg bak markeringa for Israel som vil finne stad i Oslo, torsdag denne veka. Grunna internt arrangement i Indremisjonsforbundet har han sjølv ikkje høve til å delta.
– Men eg oppmodar så mange som mogeleg å reise til Oslo og møte fram denne dagen.

Hallaråker synest mediedekninga har vore noko meir balansert av Gaza-konflikten enn andre krisar i Israel. Men framleis meiner han det er Israels motstandarar som får mest mediesympati.

– Det bør gjevast tydeleg signal om at dersom det internasjonale samfunnet ikkje set ein stoppar for Hamas og andre terroriostorganisasjonars framferd, så vil dødsspiralen berre stige, seier han.

Hallaråker oppodar alle kristne til å be for dei som er involvert i Gaza-konflikten på begge sider. Han understreker at menneskelivet har same verdi uansett kven det er.

– Det er vondt å sjå bileta av sivile som blir drept og såra. Men vi må ikkje gløyma at denne terroren spreier Hamas heile året mot Israels sivile.

 

 

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.